Vest politidistrikt fekk kl. 07.59 melding frå Hovudredningssentralen om at ein båt hadde gått på eit skjer utanfor Florø.

Til Bergens Tidende fortel vakthavande redningsleiar Asbjørn Viste, at dei fekk melding om ein liten seglbåt som stod på grunn vest av Stonga utanfor Florø.

Det var vitne på land som varsla naudetatane og redningsskøyta «Bergen Kreds» blei sendt ut og fann ein mann om bord. Båten blei så slept inn til Florø.

Politiet skal undersøke tilhøva rundt hendinga.