Vi kan ta farvel med både meteren og munnbind. Laurdag fjerna regjeringa omtrent det som var igjen av koronatiltak.
– Denne dagen har vi venta på, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han opna regjeringas pressekonferanse laurdag.
– Avstand mellom oss er ikkje lenger nødvendig. Meteren blir borte, vi fjernar det generelle rådet om å halde avstand.
Det vil ikkje lenger vere eit krav om å isolere seg om ein blir koronasmitta. Regelen har vore isolasjon i fire dagar ved påvist koronasmitte, men dette blir nå endra til ei anbefaling.
Munnbindpåbodet på for eksempel offentleg transport, i butikkar eller på serveringsstader blir oppheva, men dei tilrår bruk av munnbind i nærkontakt med personar i risikogrupper dersom man har luftvegssymptom.
Personar i risikogrupper og uvaksinerte tilrådast blir tilrådd å bruke munnbind ute blant folk i periodar med mykje smitte, om det er vanskeleg å halde avstand til andre.
Regjeringa tek bort trafikklysmodellen i skular og barnehagar. Elevar og tilsette går dermed tilbake til ein meir normal skule- og barnehagekvardag.