Gå til sidens hovedinnhold

Sidan 2013 har fleire russ søkt hjelp hos Smiso

Artikkelen er over 3 år gammel

METOO: – Etter kvar russetid har vi fått inn ein eller fleire som har blitt utsett for seksuelle overgrep.

For abonnentar

Det seier Chatrine Elholm, dagleg leiar ved Senteret mot incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane til Firda.

Cecilie Fyllingen Oen blei utsett for seksuelt overgrep på eit russetreff. Ho har valt å stå fram med namn i håp om at fleire skal tore å snakke om overgrep.

Elholm meiner metoo-kampanjen er førebyggande og kan bidra positivt for samfunnet som heilskap.

– Metoo kan få bukt med skamkjensla, men kvar og ein bør tenke seg om før dei går offentleg ut med opplevingane sine, for det kan få store konsekvensar for den enkelte.

Går for lenge utan å seie noko

Reaksjonar etter seksuelle overgrep er individuelt, men det vanlege er angst, frykt, gjenoppleving av det som skjedde, søvnproblem, sjølvbebreiding, skam, sjølvskading, etevegring. Ein kan få konsentrasjons- og hukommelsesvanskar, kroppslege plagar, og vanskar med nærleik og seksualitet, fortel Elholm.

– 70 prosent av dei som har etevegring som vaksen har vore utsett for seksuelle overgrep som barn. Ein kan også oppleve at ein ikkje kjenner seg sjølv igjen. At ein har gått frå å vere sosial og utadvendt, til å ikkje klare å vere med på sosiale samanhengar, seier Elholm.

Altfor mange ber på hemmelegheita for lenge, og det kan gjere ein sjuk.

– Ein ung gut som blir befølt av trenaren sin kan få like store og utfordrande konsekvensar for han, som ei kvinne som har blitt valdteken. Enkelthendingar kan gjere folk sjuke, og difor er det viktig at ein får hjelp til å bearbeide det som har skjedd. Det går gjennomsnitt 17 år før ein fortel om seksuelle overgrep, og det er 17 år for lenge, seier Elholm.

SMISO

Om du treng nokon å snakke med, kan du ta kontakt med Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane (SMISO) utan tilvising og utan å betale. Her kan du få hjelp av faglege rådgjevarar med god kompetanse på seksuelle overgrep.

SMISO held til i Hornesvegen 1 i Førde og held ope måndag, tysdag og fredag frå  09.00-15.00. Du kan òg ta kontakt på telefon 57 71 70 10.

For landsdekkande, døgnope telefon for overgrepsutsette, kan du ringe 800 57 000.

SMISO Sogn og Fjordane har eksistert sidan hausten 2012.

 

– Aksepter reaksjonane

Ho seier at mange slit med å definere om det dei har blitt utsett for var valdtekt. Det gjer det truleg meir vanskeleg å seie ifrå.

– Ein har gjerne vore ein plass ein har følt seg trygg, med folk ein kjenner, og så skjer det noko som ein ikkje hadde tenkt skulle skje. Mange jenter held festvaldtekter skjult, og det gjer noko med heile kroppen. Ein blir sakte, men sikkert sjuk viss ein ikkje får hjelp til å snakke om det, seier Elholm.

– Ikkje alle treng profesjonell hjelp, men ein må igjennom ein prosess med seg sjølv for å klare å gå vidare, legg ho til.

Metoo-kampanjen har stort sett fortalt historier frå kvinner, men Elholm trur mørketala for menn er store.

– Det er fordi det er meir tabu for dei å seie ifrå om seksuelle overgrep. Mange menn føler nok også at dei mistar maskuliniteten sin, så eg er ikkje i tvil om at det er vanskelegare for gutar og menn å seie ifrå.

Elholm rådar dei som blir utsett for overgrep, om å ikkje skubbe vekk reaksjonane som måtte kome.

– Aksepter dei reaksjonane du får. Ein vil truleg oppleve å vere trøyttare enn vanleg, men prøv å oppretthalde dei vanlege rutinane og sørg for å ha nokon å snakke med. Det hjelper å skape orden og struktur i det som skjedde.

Senter mot Incest og seksuelle ovegrep ligg i Hornnesvegen 1 i Førde. Du kan også ringe dei på 57 72 10 70. Det finst også ein landsdekkande, gratis døgnopen telefon for overgrepsutsette: 800 57 000.

Kommentarer til denne saken