Om alt går etter planen kan dei reisande få nyte vestlandsfjorden ombord i eit nytt og spennande fartøy allereie neste sesong. The Fjords planlegg nytt fartøy med innovativt design, som både er tilpassa dei reisande og verdsarvparken. Dette skal ta fjordopplevinga til nye høgder både i kvalitet og reiseoppleving.

Sist veke signerte The Fjords og Brødrene Aa i Hyen ein avtale om at hurtigbåtverftet frå Sogn og Fjordane skal vidareutvikle og skreddarsy det nye sightseeingkonseptet «Seasight» for bruk på Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Partene tek sikte på å signere endeleg kontrakt før sommaren, med levering av nytt fartøy innan 1. mai 2016.

- Vi er særs glade for at The Fjords ønskjer å samarbeide vidare med oss basert på designet vi har lagt fram. Dette betyr mykje for oss, og vi syns sjølvsagt det er positivt at lokale aktørar finn saman i slike samarbeid, seier dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øyvind Aa.

Det er designer Torstein Aa, designer og 3.generasjon i familien som står bak det nye sightseiingkonseptet frå Brødrene Aa.

 - Designet vart lagd fram for The Fjords i slutten av sist veke, og vi var unisont begeistra av forslaget som vart lagt fram. Det nye designet tek omsyn til både universell utforming, god uteplass og vindaugsflater som er viktig for å kunne tilby flotte naturopplevingar for gjestane uavhengig av vær og vind. I tillegg treng vi eit fartøy som er tilpassa verdsarvparken, og som tek omsyn til at miljøet i denne skal bevarast, seier konstituert dagleg leiar i The Fjords, Rolf Sandvik.

Sjå også www.braa.no