Med både finansminister og samferdsleminister i salen, vedtok eit samrøystes Landsmøte i FrP at ordninga med bypakkar ikkje skal kunne brukast i anna enn dei ni største byane, og at andre prosjekt som til dels Førdepakken ikkje kvalifiserer til å finansierast i denne ordninga.

Fylkesordførarkandidat for Sogn og Fjordane FrP, Frank Willy Djuvik, var ein av dei som tok ordet i debatten på Landsmøtet og gav klar beskjed om at FrP  sine representantar i regjering og storting måtte sei nei til slike prosjekt.

– Denne ordninga med bypakkar vart i utgangspunktet innførd som ein måte å finansiere miljøtiltak i storbyane, men under førre regjering såg vi at den heller vart nytta som ein metode for auka skattelegging av bilistar andre stader og, seier han.

Vedtaket på Landsmøtet i FrP kan innebære at bomringen rundt Førde må skrinleggast.

– Når landets finansminister, store delar av regjeringa og nær heile politisk leiing i samferdsledepartementet stemmer for ein slik resolusjon, og ein får eit slikt samrøystes vedtak, så klarer eg ikkje å sjå korleis denne saka no skal kunne gå igjennom, understrekar Djuvik.

- I FrP har Landsmøtet ei heilt anna makt enn i mange andre parti, noko som vart tydeleg då Landsmøtet i FrP stogga OL-planane i Oslo i fjor. Det er nesten ikkje mulig for FrP sine representantar i regjering og storting og gjere noko anna enn det Landsmøtet har vedteke. Dette vedtaket har nok gravlagd bomringen rundt Førde ein gong for alle, avluttar Djuvik.

LES OGSÅ: Tordna mot distriktsopprør i eige fylke