Fleire vegar ut av fylket er stengde

FLORØ: Uveret påverkar samferdsla i fjordfylket torsdag morgon.

DEL

Torsdag morgon melder Vegtrafikksentralen at Fv 13 Vikafjellet er stengd på grunn av uver. Det same er Fv 50 Aurland-Hol og Fv 53 Årdal-Tyin.

Fv 52 over Hemsdalsfjellet blei stengd ein periode, for så å bli opna for kolonnekøyring. I skrivande stund er vegen open, med Vegtrafikksentralen varslar at vegen kan bli stengd på kort varsel.

Også internt i fylket er det vanskar i høgareliggande område. Fv 13 over Gaularfjellet er stengd. Her kjem ei ny vurdering klokka 18 torsdag.

Derimot er både Måløybrua og Rugsundbrua, som tidvis var stengd i går, no opne.

Lenger sør er også trafikkflyten over Rv 7 på Hardangervidda i trøbbel. Her er det no innført kolonnekøyring.

I lufta ser det derimot betre ut. Både i Florø og på Bringeland har morgonflya gått som normalt. I Sogndal er morgonflyet til Oslo utsett ein knapp halvtime.

Artikkeltags