Samferdsleministeren til Florø, skal få orientering om Kystvegen

Jon Georg Dale

Jon Georg Dale

Jon Georg Dale (Frp) kjem til fylket måndag.

DEL

Samferdselsminister Jon Georg Dale besøker Sogn og Fjordane måndag 26. august.

Dagen startar med opning av den nye vegen E39 Bjørset-Skei, før turen går vidare til bedriftsbesøk hos Multi Maritime i Førde.

Så er det skredsikringssynfaring på Rv 5 mellom Førde og Florø. Her skal Svenn Egil Finden frå Statens vegvesen halde orientering på ein stoppeplass like sør for Naustdal.

Deretter går turen til Florø for orientering om Kystvegen Ålesund-Bergen.

I Florø møter samferdselsministeren mellom andre nyvald styreleiar i Kystvegen Ålesund - Bergen, Frank Willy Djuvik, og avtroppande styreleiar Jan Henrik Nygård.

Artikkeltags