Kolonnekøyring på fleire fjellovergangar

Av

TRAFIKK: Mykje vind og nedbør og vind har ført til kolonnekøyring på fleire fjellovergangar måndagsmorgon.

DEL

– På fjellovergangane er det både vind og mykje nedbør. Det er meldt dårleg vêr utover dagen. På fjellovergangane mellom aust vest er det berre Filefjell som er opent, seier trafikkoperatør, Idar Sangolt, i vegtrafikksentralen til Firda.

Status fjellovergangar kl. 06.00

  • E16 Filefjell: Opent
  • E134 Haukelifjell: Kolonne Rv. 7
  • Hardangervidda: Kolonne Rv. 52
  • Hemsedalfjellet: Kolonne Rv. 13
  • Vikafjellet: Kolonne
  • Rv. 15 Strynefjellet: Kolonne
  • Fv. 50 Aurland-Hol: Stengt
  • Fv. 53 Årdal-Tyin: Stengt
  • RV. 15 Strynefjellet: Kolonne, kan bli stengt på kort varsel

Klokka 07.25 melder Vegtrafikksentralen at det vert kolonne mellom Aurland-Hol på fv. 50 frå klokka 08.00.

Brøyta i heile natt

Det har også kome mykje snø i Sunnfjord.

– I natt har det snødd ganske kraftig lokalt. Det har vore bilar ute som har strødd og brøyta i heile natt. Dei prioritetar hovudvegane i første omgang. Vi fekk ein klage på E39 ved Førde, som har blitt meldt vidare, opplyser Sangolt.

Han seier det skal vere greie forhold på vegane.

– Men det kan vere enkelte område der det er glatt, så ein må vere litt obs.

Hald deg oppdatert på vegmeldingane på vegvesen.no

Artikkeltags