Slik påverkar vinden trafikken onsdag morgon

DEL

Vinden skapar problem i flytrafikken onsdag morgon. 07.00- og 10.00-avgangen til Snorre A og 09.45-avgangen til Visund er forseinka. Der vil det komme ny informasjon klokka 11.00. Avgangen klokka 10.00 til Transocean Norge er kansellert.

Oppdatering 08.10: Flyet frå Bergen som var rekna å lande 08.15 landar 08.20, og flyet frå oslo som skulle landa 09.05 landar klokka 10.05. Dermed blir avgangen som skulle gå 09.25 til Oslo forseinka til kring klokka 10.20.

Widerøe sin avgang til Oslo klokka 06.20 blei også innstilt. 06.30-flyet til Bergen gjekk klokka 06.25.

Litt før klokka 06.00 var Måløybrua open for trafikk. Men Kinn kommune opplyser at dersom Måløybrua er stengd i kortare eller lengre periodar onsdag 8. januar om morgonen vil det bli satt opp båttransport. «Øyglimt» vil gå Måløy-Kulen- Måløy. Første tur vil gå frå Måløy rundt kl 0700 og så lenge det er behov.

Ifølge facebookgruppa VInd på Måløybrua er vegen open klokka 06.30, men trafikken blir dirigert.

Artikkeltags