Tysdag blir Naustdalstunnelen stengt i fleire timar

FLORØ: Tunnelen blir stengt i fleire timar grunna brannøving.

DEL

Tysdag 17. september blir Naustdalstunnelen på Rv5 stengt i fleire timar, melder Statens vegvesen.

Dette på grunn av ei stor brannøving.

Frå klokka 17.00 til 17.30 blir det passsasje med kolonne gjennom tunnelen. Tunnelen blir heilt stengt mellom kl. 17.30 og 20.30.

– Det blir ikkje passasje medan øvinga pågår, så vi oppmodar folk til å køyre utanom stengetida, melder vegvesenet.

Alternativ omkøyring er via fylkesveg 611 om Stavang.

- Naudetatar frå Førde, Naustdal og Florø vil delta i øvinga, og dei vil bruke røykmaskin og øve på utrykking. Det vil også vere markørar i tunnelen, slik at øvinga blir realistisk for deltakarane, opplyser vegvesenet.

Brannøving er ein viktig del av beredskapen i tunnelane, og Statens vegvesen og lokale naudetatar samarbeider tett for å få gjennomført dei naudsynte øvingane, skriv dei.

I samband med øvinga blir det også endringar i bussrutene mellom Førde og Florø, melder Kringom;

Førde - Florø:

Avgang frå Førde kl. 18.20 – går til Naustdal. Innstilt mellom Naustdal og Eikefjord.

Avgang frå Eikefjord kl. 18.55 – går til Florø som normalt.

Avgang frå Førde kl. 20.30 – går til Florø som normalt.

Florø-Førde:

Avgang frå Florø kl. 17.00 - går til Eikefjord (til Storebru ved behov). Innstilt frå Eikefjord til Førde.

Avgang frå Florø kl. 19.00 - går til Eikefjord (til Storebru ved behov). Innstilt frå Eikefjord til Naustdal.

Avgang frå Naustdal kl. 19.50 – går til Førde som normalt.

Korrespondanse med buss frå Førde kl. 20.30 til Oslo og Trondheim utgår grunna endringane.


Artikkeltags