Florø - Måløy kan få betre pendlarruter frå 2022

Illustrasjonsfoto. Norled - Njord - på veg ut frå Florø og nordover.

Illustrasjonsfoto. Norled - Njord - på veg ut frå Florø og nordover. Foto:

Fylkespolitikarane vil styrke båtrutene mellom Florø og Måløy, fortel ordførar Ola Teigen.

DEL

I samferdselsutvalet førre tysdag gjekk eit samla samferdselsutval inn for å auke frekvensen på båtruta mellom Florø og Måløy frå det nye anbodet skal gjelde i 2022. Ruta skal gjere det mogleg for både arbeidsreisane og skuleungdom å pendle meir effektivt mellom kystbyane enn i dag.

- Å få auka frekvens på rutene er avgjerande for at folk skal kunne komme seg effektivt fram på kysten. Dette er viktig for alle bedriftene som må ha tilgang på arbeidskraft, og det er viktig for elevtilfanget på dei vidaregåande skulane. Så er det og særleg viktig for at dagleglivet i Kinn kommune skal vere lettast mogleg, seier Teigen.

Fylkespolitikarane har og vore tydlege ovanfor fylkesrådmannen på at ein forventar kraftige klimakutt på akkurat denne strekninga, og ber han kome tilbake med ei sak på korleis hutigbåtanboda kan bli like klimaflinke som fjerjerutene er iferd med å bli.

- Det er svært gledeleg at fylket tek si eiga klimasatsing og nasjonale klimamål inn i konkrete bestillingar som vil få ned CO2-utsleppa. Hurtigbåtane i Vestland fylke står aleine for om lag 9 prosent av utsleppa frå kollektivtrafikk i Norge. Å starte med å fase inn nullutsleppsteknologi på hurtigbåt alt i 2022 vil gjere vår region til leiande i verda på akkurat dette området.  I tillegg kan dette vere ein ein unik sjanse for lokalt næringsliv i å vere tidleg ute med ny teknologi, seier han.
 

Sogn og Fjordane fylkeskommune er først ute med nye store hurtigbåtanbod og alt i haust vil anbodsgrunnlaget bli sendt ut. Om Floraordføraren får det som han vil er Kystvegekspressen Florø-Måløy den første hurtigbåtruta som kuttar klimagassutsleppa.

- Det er kjempeflott at fylkespolitikarane samrøystes er klimaoffensive og ynskjer å satse på denne båtruta. Så gler det meg samstundes at ein ser kor viktig det er for kysten at ein har transportårer som knyter regionen saman.

Vedtaket frå Samferdsleutvalet:

Fellesframlegg:

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil ha ned utsleppa frå hurtigbåtane i Sogn og Fjordane. Dette er ei naturleg vidareføring av satsinga på utsleppsfrie ferjer og hydrogenprosjektet fylket har arbeidd med. Ein ber fylkesrådmannen komme tilbake med ei sak i juni kor punkta under er utgreidd, tidsnok til anbodsutlysinga i haust. 

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut anbodsruta Florø-Måløy- evt Selje t/r som et nullutslipps/lågutsleppsanbod for hurtigbåtar. Er dette aktuelt for andre ruter, vert desse å lyse ut på same måte.

2. Ruta må ha ein frekvens som gjer arbeidspendling mellom Florø, ytre Bremanger og Vågsøy (evt. Selje) enklare enn i dag, både på dag- og kveldstid.

3. Fylkesrådmannen må vurdere kva som må til for å kome i posisjon til statlege støtteordninger som til dømes Enova.

Artikkeltags