– Er redd Flora kjem for seint igjen

FLASKEHALS: Trafikken står ofte i stampe i stadionvegen som lenge har vore den reelle sambindingsvegen til mellom bysentrum og Havrenesvegen som er fylkesveg. Dette var trafikksituasjonen ved stadion like etter klokka 08.00 i går der det danna seg lange kø i begge ender av bakken.  Foto: Dag Nesbø Frøyen

FLASKEHALS: Trafikken står ofte i stampe i stadionvegen som lenge har vore den reelle sambindingsvegen til mellom bysentrum og Havrenesvegen som er fylkesveg. Dette var trafikksituasjonen ved stadion like etter klokka 08.00 i går der det danna seg lange kø i begge ender av bakken. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORØ: Med siste gongs utsetting av Lindheimsvegen, er Frank Willy Djuvik (Frp) redd for at Flora endå ein gong kjem for seint til Regional Transportplan (RTP). olav hatlemark

DEL

Fylkesutvalet har gjeve startsignal til planarbeidet med ein ny Regional Transportplan (RTP) for 2018–27. Planen avgjer kva prosjekt som skal satsast på i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune i perioden. Parallelt køyrer staten sitt arbeid med den nasjonale transportplanen for riksvegnettet. (NTP)

For Flora gjeld det å komme i posisjon med viktige vegprosjekt som: Kystvegen, gang/sykkelveg heilt frå Brandsøy til byen, ny gang og sykkelveg i Eikefjord og ikkje minst vegen som skal binde saman byen og Havreneset – om det vert i ny veg i pullert gjennom Kyrkjeparken eller via ei forlegning av Lindheimsvegen. Konfliktar ulmar uansett kva løysing som vert valde og konfliktar tek tid.

Siste gong fylket laga prioriteringslista kom Flora for seint med Lindheimsvegen, fordi planane ikkje var klare.

– Eg er redd det same kan komme til å skje igjen, seier Frank Willy Djuvik.

Ekstraunde

– Kommunen er allereie på hælane med planlegginga. Med forslaget om tunnel gjennom Kyrkjeparken vart prosjektet sendt tilbake på ein ny runde, hevdar Frp-politikaren.

Djuvik leia det kommunale samferdsleutvalet til Ap-kvintetten tok over etter siste kommuneval, han har ti års fartstid frå samferdsleutvalet i fylket og direkte linje til samferdselsminister Solvik Olsen. Dette gjev Djuvik ekstra tyngd i samferdselssaker.

I dag er det faktisk den smale og til vanleg einvegskøyrde Michael Sarsgata gjennom Kyrkjeparken mot Torggata og Kinnvegen som formelt har status som fylkesveg – som vegen som skulle binde saman byen og Havreneset. Det er lenge sidan gatestubben har fungert slik. Og Flora-politikarane har villa veksle Michal Sarsgata mot ein ny fylkesveg som skal knyte Havrenesvegen til byenbetalt av fylket

kystvegen

I dag står parsellen Indrehus-Svelgen på Kystvegen fremst på den såkalla marginallista til dagens RTP. I praksis er dette einaste prioriteringslista som gjeld etter alle dei prosjekta som allereie er i gang i fylket inneverande RTP-periode. Det store spørsmålet er om staten vil ta over heile Kystvegprosjektet som riksveg.

– Vi får ei avklaring av dette før RTP for fylket vert avgjort, fordi ein ny NTP-plan skal vedtakast før RTP, forklarer Djuvik.

Markegata fram til Fugleskjærskaia er endevegen på rv. 5. Det er ein riksveg, og einaste stykket på riksvegen som ikkje vart utbetra. Vegkontoret er i god gang med planlegginga for at prosjektet skal ha sjanse til å komme med i NTP.

Trur dei rekk

Einar Årdalsbakke i Flora kommune har tru på at kommunen vil ha planane klar til NTP behandlinga.

Han er rådgjevar for samferdsel i Flora kommune.

– Meir ferdige planar for å binde saman byen og Havrenesvegen er snart klare for ein første presentasjon. Eg trur vi rekk å få det med til behandling i den regionale Transportplanen for 2018-2027. (NTP). Vi gjer fall så godt vi kan, lovar Årdalsbakke. Men også han vedgår at tida kan gå fort om politikarane ikkje vert einige og naboane kjem med kraftige protestar

Fersk leiar for det kommunale samferdselsutvalet Vidar Grønnevik, er forsiktig.

– Eg veit at dei prosjekta vi spelar inn til RTP må vere komne langt i planlegginga. Det er nett slike tema vi må halde fokus på framover, seier Grønnevik.

Artikkeltags