Fleire fly innstilte på fredag – sjekk flytrafikken her

Avinor Førde Lufthavn Bringeland Lufthamn Widerøe fly trafikk transport flygeleder rullebane

Avinor Førde Lufthavn Bringeland Lufthamn Widerøe fly trafikk transport flygeleder rullebane Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSEL: På fredag er lunsjflyet til Bergen innstilt. Skal du fly frå ein av flyplassane i fylket i dag, kan du sjekke om flyet ditt er i rute her.

DEL

Fredag føremiddag er flyet til Bergen frå Førde med mellomlanding i Florø, innstilt. Det skulle letta klokka 09.30 i dag frå Førde, og klokka 11.35 frå Florø. Men på grunn av tekniske problem er flyet kansellert, melder ein tilsett ved Bringeland flyplass til Firda.

Også eit fly frå Bergen som skulle landa i Florø 08.30 og i Førde 09.15 i dag, vart kansellert då det var mangel på personale.

Tilsette ved Bringeland flyplass seier att passasjerane som er ramma vert teke vare på og alternativ transport mest sannsynleg kjem på plass.

I resten av fylket er ingen fly innstilte, bortsett frå eit fly frå Sogndal som skulle tatt av klokka 07.05 i dag tidleg.

Skal du ut å fly frå ein av flyplassane fylket i dag kan du sjekke ruta di her:

Flyruter Førde

Flyruter Sandane

Flyruter Sogndal

Flyruter Florø

Artikkeltags