Superferjene på veg mot Norge og Florø

MF "Gloppefjord" og MF "Eidfjord" er no på veg nordover, med Florø som første stoggestad. Utpå nyåret vil dei vere klare for ny og meir miljøvenleg drift på sambandet Anda-Lote.

MF "Gloppefjord" og MF "Eidfjord" er no på veg nordover, med Florø som første stoggestad. Utpå nyåret vil dei vere klare for ny og meir miljøvenleg drift på sambandet Anda-Lote. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Nyferjene til sambandet Anda-Lote er på plass i romjula. Første stoggestad blir Florø.

DEL

Dei to ferjene MF "Gloppefjord" og MF "Eidsfjord" er snart på plass i Norge og sambandet Anda-Lote. MF "Gloppefjord" passerte Gibraltar onsdag, og er no på veg nordover langs kysten av Portugal. MF "Eidsfjord" ligg omlag to døgn bak.

 Begge fartøya er forventa ankomst til Florø mot slutten av romjula - om veret held seg bra.

- Når fartøya er på plass i Florø/Nordfjord, vil det bli ein kort periode med utrustning, opplæring av mannskap, og testing av kai og ladeanlegg før dei blir sett i drift. Vi forventar at fartøya blir sett inn i ruta Anda-Lote i løpet av veke 1 eller 2, fortel regionleiar Tor Kristoffersen.

Sambandet startar uansett opp med toferjedrift frå 1. januar i samsvar med kontrakt og publisert rutetabell. Det vil då vere ferjene MF "Årdal" som trafikkerer A-ruta, og MF "Sognefjord" i B-ruta.

Sambandet endrar også takstregulativ til autopassregulativet, men det blir samtidig billettert manuelt som tidlegare.

- Vi vil også gjere reisande merksam på at oppstillingsplassane på kaiane er bygd om til autopassbillettering, og at dette kan medføre noko endra køyremønster, seier Kristoffersen.

Artikkeltags