No skal 16-åringar få køyre mopedbil

NØGD: FrPs Tor Andre Johnsen meiner det er bra at 16-åringar no får køyre mopedbil.

NØGD: FrPs Tor Andre Johnsen meiner det er bra at 16-åringar no får køyre mopedbil. Foto:

– Fleire unge bør få moglegheita til å køyre mopedbil. Det er eit svært godt alternativ til moped, meiner samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

DEL

– Fleire unge bør få moglegheit til å køyre mopedbil. Ein mopedbil kan vere eit svært godt alternativ til tohjulsmoped, og tilgang til mopedbilar gjer at 16-åringar kan opparbeide seg kompetanse som kjem godt med når dei seinare skal ta førarkort for vanleg bil.

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at aldersgrensa no vert senka frå 18 til 16 år for førarkort for mopedbil.

– Det er samstundes viktig at vi sikrar at dei unge kan køyre desse køyretøya på ein trygg måte, og vi tilpassar difor samstundes opplæringskrava til den nye aldersgruppa, seier Dale.

Avgjerda følger opp høyring frå Vegdirektoratet frå desember 2018. Endringa vil bli sett i verk av Vegdirektoratet i august.

Stortingsrepresentant og FrPs vegpolitiske talsmann Tor Andre Johnsen seier til Ringsaker Blad at han er godt nøgd med endringa.

-  Eg meiner det er bra at 16-åringar kan få køyre mopedbil. Det vil gi meir erfaring og betre køyreferdigheiter. Dei vil lære å køyre det som faktisk er ein vanleg bil, men med redusert hastigheit. Dei vil også lære å lese og forstå trafikken, slik at overgangen til ein fullverdig bil vil bli enklare når dei tar vanleg sertifikat.                                                                

- Eg meiner det også er vesentleg tryggare og sikrare med ein mopedbil enn ein moped. Ein er skjerma og det er både sikkerheitsbelte og utstyr som i vanleg bil. Eg ser ingen grunn til at mopedbilen ikkje også skulle vere tilgjengeleg for 16-åringar. Dette kan bidra til auka trafikktryggleik. Ikkje minst på bygda trur eg dette blir godt motteke, ein kan ta med venner eller kjærasten på tur. Det er meir sosialt og behageleg å sitte trygt og godt i ein varm bil, enn å fryse på mopeden, seier Johnsen.

Artikkeltags