– Ulykka kunne vore unngått

DISSONANS:  - Skilting og merking er notane vi køyrer etter. Om dei er feil kan det oppstå farlege situasjonar, seier Gåsøy.

DISSONANS: - Skilting og merking er notane vi køyrer etter. Om dei er feil kan det oppstå farlege situasjonar, seier Gåsøy. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Trafikkskulelærar Geir Gåsøy fortel at merkinga av vegen der ulykka skjedde torsdag er misvisande. – Merkinga peikar på at det er godt egna for forbikøyring. Det er det altså ikkje, slår han fast.

DEL

På dagen torsdag skjedde ei møteulykke mellom ein traktor og ein personbil på Klavelandet på riksveg 5.

– Vi har relativt god oversikt over det som har skjedd. Mest sannsynleg har kollisjonen skjedd i samband med ei forbikøyring, fortalde skadestadsleiar Kjell Magne Barsnes på staden i etterkant.

– Denne ulykka kunne vore unngått, seier køyrelærar Geir Gåsøy.

Vegen er merka som at det er gode forhold for å køyre forbi. Det er det absolutt ikkje. Det burde vore varsellinje, eller eventuelt sperrelinje for å unngå nettopp det som skjedde torsdag påpeikar han.

– På ein forkøyrsveg har du lov å køyre forbi gjennom eit kryss, det har du ikkje på ein vanleg høgreregulert veg. Dette er ikkje eit vegkryss, og alle som køyrer ut ifrå rasteplassen har vikeplikt, men som bilførarar må rekne med at det kan vere born som leikar på staden, det er trass alt bord og ein tilrettelagt rasteplass. Det er ikkje egna å køyre forbi i dette området, men det er tillate, seier Gåsøy.

Om noko er tillate og om noko er tilrådeleg går for mange førarar ut på det same. Det er noko køyrelæraren meiner burde vore tenkt gjennom av dei som merkar vegen.  

Merkinga i vegen fortel at dette området er godt egna for forbikøyring, men det er det absolutt ikkje

Geir Gåsøy, køyrelærar

Vesentleg skilnad

Om vegen har ei heiltrekt sperrelinje er det ikkje lov å køyre forbi. Om det er lange strekar med korte mellomrom kan du køyre forbi med skjerpa merksemd. Slik informasjon er fundamentet i trafikkopplæringa. Dette er merking av vegbana som skal gi dei som ferdast på vegen informasjon om vegen dei nyttar.

– Når det er korte strekar med lange mellomrom, som på dette strekket der ulykka skjedde, så seier notane at det er gode forhold til å køyre forbi. Det er det absolutt ikkje i dette området, strekar Gåsøy under.

Han er med på at alle ulykker er menneskeskapt, men om ulykka oppstod i samband med ei forbikøyring, noko politiet peikar på er sannsynleg, så burde det vore varsla i skilt og vegmerking at dette er eit område der det er lite gunstig å køyre forbi, snarare enn det motsette.

(Artikkelen held fram under bildet.)

PÅ STADEN: Etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes (t.h.) var på staden då ein personbil og ein traktor kolliderte ved rasteplassen på Klavelandet.

PÅ STADEN: Etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes (t.h.) var på staden då ein personbil og ein traktor kolliderte ved rasteplassen på Klavelandet. Foto:

Oppmodar vegvesenet å revurdere merking

Etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes meiner køyrelærar Geir Gåsøy har eit poeng. 

– Vi er opptatt av at det skal vere så trygt som mogeleg å ferdast på vegane, og eg meiner at vegmerking til ei kvar tid må revurderast.

Sett i lys av dei ulykkene som har vore på denne staden vil vi tilråde Statens vegvesen å gjere ei synfaring på staden og vurdere å endre merkinga, kjem det frå etterforskingsleiaren i politiet. 

Statens vegvesen var kontakta i saka, men personen som har ansvaret for merking er for tida på ferie.

Artikkeltags