I dag må du bu deg på å vente i tunnelane

STENGAST: i kveld og i morgon blir Magnhildskartunnelen i periodar stengt på grunn av vedlikehald.

STENGAST: i kveld og i morgon blir Magnhildskartunnelen i periodar stengt på grunn av vedlikehald. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Sandetunnelen Fylkesveg 572 (Svelgen sentrum)

Statens Vegvesen har sett opp vedlikehald i Sandetunnelen mellom Dyrstad og Svelgen i dag. Det blir ventetid på opp til 15 minutt mellom klokka 12.00 og klokka 18.00 i kveld 23. januar.

Magnhildskartunnelen Fylkesveg 614

Her blir det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane onsdag frå 18.00 til 23.00 og torsdag 24. januar frå klokka 08.00 til 18.00. Her må ein bu seg på ventetid på omlag 15 minutt.

Isetunnelen Fylkesveg 614 (Ved Ålfoten)

Her blir det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid mellom klokka 09.00 og 14.00 onsdag. 

Artikkeltags