Dette fekk han ikkje køyre vidare med

Sjåføren som kom med dette lasset måtte pent laste av før han fekk køyre vidare.

Sjåføren som kom med dette lasset måtte pent laste av før han fekk køyre vidare. Foto:

Av og

Stoppa av Statens vegvesen.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Statens vegvesen hadde tysdag kontroll i Svelgen. Der skulle dei kontrollere tunge køyretøy, men når høvet byr seg vert òg andre trafikantar sjekka. Ein av sjåførane som kom køyrande vart stogga og fekk kontrollert kor mykje last han hadde med seg.

Ifølge rapporten frå vegvesenet hadde han lagt på det han hadde lov til, og endå litt til. Varebilen måtte laste av før han fekk køyre vidare. Det melder Firda.

Lastebil fekk 6000 i gebyr

Ein lastebil blei tatt med 1900 kilo i overlast og fekk 6000 kroner i gebyr etter kontrollen. Det opplyser Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen.

– Gebyrsatsane har auka ganske mykje på lastebil, så det blir fort dyrt, seier Henjesand.

Hadde ikkje bevis

I tillegg blei ein førar meldt for å ikkje ha sjåførkompetansebevis, medan ein anna ikkje fekk lov å bruke bilen før fartsskrivaren blei godkjent.

9000 for slitne sommardekk

Også på Naustdalsneset på riksveg 5 hadde vegvesenet kontroll tysdag.

Der blei ei norsk vogntog stoppa med tolv slitne sommardekk. Der måtte sjåføren ut med 9000 kroner i gebyr.

Eit køyretøy blei avskilta på grunn av tekniske manglar, medan to blei avskilta på grunn av manglande periodisk køyrekontroll. Eit køyretøy blei attrådd på grunn av manglande forsikring, og to fekk gebyr for manglande dokument. Det opplyser Svein Ove Salt i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Artikkeltags