E39: Tåke forsinkar opprydding

Artikkelen er over 4 år gammel

Skal opp med helikopter og klatrarar for å sjekke rasområdet mellom Vadheim og Sande.

DEL

(Firda) - Vi ventar på at skodda skal lette, så helikopteret kan ta med geologen opp og sjå over området, seier kontrollingeniør i Statens Vegvesen Skule Jacobsen, då Firda kjem til rasstaden søndag morgon.

- Når så geologen har fått sett over området, tek vi avgjerd om vi skal sende opp to klararar for å reinske ut det som måte finnast av lausmassar i rasområdet, seier Jacobsen.

Han konstaterer at rasgjerdet har fungert som det skulle, sjølv om det ligg flatt i femti meters breidde:

- Det er tydeleg at gjerdet har fungert. Det ser ut til at dei største steinane har lagt ned gjerdet, og at det er tre og jord som har komme over. Utan gjerdet hadde det vore meir i vegen, meiner han.

Det kan bli aktuelt å spyle reint området, men det veit ein ikkje før ein har fått sett nærare på området.

- Det vil uansett bli stengt i mange timar framover, seier Jacobsen.

Artikkeltags