Skal redde hjort frå trafikkdøden

Slik ser dei nye skilta- det kjem blinkande varselslys når faren for påkøyrsle av hjort er stor.

Slik ser dei nye skilta- det kjem blinkande varselslys når faren for påkøyrsle av hjort er stor. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

151 hjort blei påkøyrde på vegane i Sogn og Fjordane sist år. Blinkande varselskilt skal no testast ut for å bøte på dette.

DEL

Påkøyrlse av hjortevlt er eit stort problem både for dyrevelferd og for trafikktryggleiken.  I Norge blei 8941 dyr registrert påkøyrde av tog eller bil i sesongen 2015/2016 og talet har vore aukande.

- Vi veit stadig meir om kva som kan hjelpe. Siktrydding og open vegetasjon rundt vegen reduserer risikoen. Vilt-gjerding og nedsett fartgrense er andre effektive tiltak. Tradisjonelle trafikkskilt har lita eller inga effekt. Norsk Hjortesenter ønskjer difor å teste ut effekten av dynamiske trafikkskilt. Dette er skilt med varselblinkararsom slår seg på når faren for påkøyrslar er stor. Lysa er styrte av ein datamodell basert på statistikk frå tidlegare påkøyrslar, fortel prosjektleiar Magnus Frøyen i Norsk Hjortesenter.

Johan Trygve Solheim og Magnus Frøyen i Norsk Hjortesenter.

Johan Trygve Solheim og Magnus Frøyen i Norsk Hjortesenter. Foto:

Det skal setjast opp skilt på dei sju mest belasta vegstrekningane i Sogn og Fjordane.Til kvar av strekningane vert det knytt ei anna belasta strekning der ein ikkje gjer noko tiltak. Dette skal kunne seie noko om effekten av den nye skiltinga.

Det er allereie sett opp skilt i Erdal og Brandsøy på Rv 5 og Alvera på E39. Dei fire siste strekningane som skal få skilt ligg i Eid, Stryn, Sogndal og Lærdal.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Hjortesenter, IMSA Tchnology Comapany, Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.

Statens vegvesen finansierer brorparten av prosjektet. I tillegg bidreg kommunale viltfond.

Tysdag 14. februar vert det presentasjon av skilta i Brandsøy kl.14.00. Oppmøte ved Rikets Sal.

Artikkeltags