Fylkesveg blir stengt etter at vogntog har køyrt av vegen

Artikkelen er over 2 år gammel

BREMANGER: Kan bli stengt inntil 45 minutt.

DEL

Vegtrafikksentralen melder klokka 18.34 fredag kveld at fv. 614 Mellom Kjelkenes og Svelgen i Bremanger kommune kan bli stengt inntil 45 minutt. Det skriv Firda.

Stenginga vil skje grunna bliberging av eit vogntog som har køyrt av vegen.

Køyrde i grøfta

Dette er ikkje den einaste trafikkulykka i Bremanger denne fredagen.

NRK Sogn og Fjordane melde tidlegare på dagen at naudetatane rykte ut til Myklebustsætra i Bremanger, etter at ein bil køyrde i grøfta mellom Svelgen og Ålfoten.

Utforkøyringa skal ha skjedd i samband med at ein personbil svinga ut for ein lastebil.

Artikkeltags