Florø består, Førde og Sogndal blir lagt ned

BESTÅR: Tårnet på Florø Lufthamn består som i dag. Avinor har no beslutta at i alt 10 nye kortbane-flyplassar skal fjernstyrast frå Bodø innan 2020.

BESTÅR: Tårnet på Florø Lufthamn består som i dag. Avinor har no beslutta at i alt 10 nye kortbane-flyplassar skal fjernstyrast frå Bodø innan 2020.

Artikkelen er over 3 år gammel

Avinor skal fjernstyre 10 nye flyplassar frå Bodø

DEL

Avinor har bestemt at ti nye lufthamner i Norge får fjernstyrte tårn

I fjor vart dei første fem tårna for fjernstyring vedtekne – no er dei 10 neste plukka ut.

Avinor har tidlegare bestemt å investere i ei fjernstyrt tårnteneste for opptil 15 flyplassar. Desse skal driftast frå eit tårnsenter lokalisert i Bodø. Ei vidare satsing vil omfatte fleire av Avinor sine lufthamner.

I april i fjor blei det varsla at dei fem første tårna som skal fjernstyrast og overførast til Bodø, er tårna ved lufthamnene Mehamn, Berlevåg, Røros, Røst og Hasvik.

Avinor er no ute med dei ti neste. Desse er tårna ved lufthamnene i:

Namsos, Rørvik, Sogndal, Førde, Vardø, Svolvær, Molde, Haugesund, Bodø og Lakselv

Rekkefølga på kor tid dei bli implementert tenesta i Bodø er ikkje bestemt enno. 

- Tårna er vurdert ut frå effekt for inntening, moglegheit for gjennomføring og investeringsbehov. Implementeringsrekkefølgen er ikkje avgjort enno, men planen er å ha alle dei 15 tårna i drift frå Bodø i 2020, fortel divisjonsdirektør Margrethe Snekkerbakken i ei pressemelding.

Dei tilsette i tårna ved dei ulike nemnde flyplassane får tilbod om å bli overført til tårnsenteret i Bodø.

Artikkeltags