Klokka 15.14 melder 110 Vest på X/Twitter at det har vore ein samanstøyt mellom ein bil og ein moped på fylkesveg 5706, Igland i Bremanger.
Brannvesenet er no framme på staden.
Oppdatering.
Politiet fortel at mopedføraren er skadd i ein fot og at ambulanse no er framme på staden og tek hand om den skadde.