Ein rekneskapsrapport Fellesnemnda for samanslåinga no får lagt fram for seg viser at det så langt i år er brukt nesten ti millionar kroner på samanslåingsarbeidet. Det skriv Firda. Men dette er berre 19 prosent av pengane som dette året skal gå med på å rigge overgangen til Vestland fylkeskommune. Samanslåinga trer i kraft i det nyttårsrakettane stig mot himmelen ved overgangen til 2020.

Kostar

Totalsummen som i år skal brukast på fylkesetableringa, er venta å kome opp i 53 millionar kroner. Pengebruken aukar utover hausten, når det mellom anna skal konstituerast nytt fylkesting og haldast ei rekkje andre politiske møte.

Største summane går likevel til nye IKT-system, moderniseringar og innkjøp. Desse kostnadene kjem til saman opp i 28 millionar kroner. Dette er meir enn halvparten av det som totalt er budsjettert til samanslåingsprosessen i år.

Konsulentar

Men også ulike konsulentar tener godt på at vi skal bli storfylke. Nær fire millionar kroner skal gå til konsulentane.

Heller ikkje er det billeg å skaffe seg nytt fylkesvåpen. Prislappen her? Svaret er 620.000 kroner.