I eit harmdirrande lesarinnlegg i avisene i Sogn og Fjordane fortel Senterpartiet sin toppkandidat i Sogn og Fjordane, Erling Sande, ei historie om kor ufatteleg mykje pengar Hordaland har stukke av med i ny Nasjonal Transportplan (NTP), og kor mykje betre det hadde vore for Sogn og Fjordane om vi stod åleine. Underforstått: Hordaland har tatt våre pengar.

Samtidig sit Sp-Sande sine partikollegaer i Fylkestinget i Vestland – frå både Hordaland og Sogn og Fjordane - og skryt av godt samarbeid og gode resultat i NTP så langt, og at vi no skal kjempe vidare for meir transportpengar til Vestland til beste for oss alle.

Hadde Sande vore med i eit verdsmeisterskap i splitt og hersk, i korleis å skape mistru mot naboen, hadde han i det minste kome til finalerunden saman med dei på Balkan. Diverre er det ikkje det vi driv med. Vi driv med å utvikle Vestlandet saman. Då er samarbeid ein langt betre resept enn åleinegong og ukvemsord mot naboen.

Eg er overtydd om at vi verken frå Hordaland eller Sogn og Fjordane si side hadde oppnådd dei same resultata innanfor samferdsle om vi hadde stått åleine, og ikkje saman. Eg veit til dømes kor viktig det har vore i kampen for Stad Skipstunnel at vi det siste året har hatt heile Vestland og det tunge Bergens-miljøet med oss «rundt same bord».

Erling Sande lovde med brask og bram byggestart for Stad Skipstunnel og poserte med spade på framsida av lokalavisa, då han sist stilte til val til Stortinget i Sogn og Fjordane i 2009. Dei neste fire åra styrte Sp samferdsleskuta i Noreg nær sagt på eiga hand med samferdsleminister frå Sogn og Fjordane, og vi sto åleine som fylke. Men det er fyrst no i 2021 at Stad Skipstunnel kjem – når vi står saman.

På vegsida bør vi alle gle oss over at vi i ny NTP får til store, nødvendige samferdsleløft i Hordaland som sikring av E16 Bergen-Voss, bybane i Bergen som gjer kvardagslivet godt for dei som vel å bu i by, og rassikring i Hardanger. På same måte har vi fått full støtte frå eit samla Vestland for å få opp og fram ny E39 forbi Førde, rassikring av Rv5 Førde-Florø, rassikring av E16 i Aurlandsdalen og eit nødvendig løft for Rv13 i indre Sogn.

Og ikkje minst: Vi har fått eit historisk statleg løft for fylkesvegane i Sogn og Fjordane og Hordaland: Eit fylkesvegnett som Senterpartiet overførte store deler av frå stat til fylke i 2010 i dårleg tilstand, utan å sende pengar med for å gjere det råd for fylka å ta igjen forfallet. Vi treng endå meir pengar til fylkesvegane enn det vi har fått no for å ta igjen alt vi har tapt på desse åra - men at staten no stiller opp for fylkesvegane, er nytt og banebrytande for distrikta i Vestland.

Vi har enno mange viktige samferdslesaker som må løysast både i Sogn og Fjordane og Hordaland. I min og Erling Sande sin nær-region, Nordfjord, er mange tiårs kamp for Stad Skipstunnel no krona med siger. Men kampen for mellom anna sikker heilårsveg over Rv15 Strynefjellet og opprusting av flaskehalsane på E39 held fram. Eg kjenner meg trygg på at vi står sterkare i den kampen i eit samla Vestland, enn om vi no skal splitte opp og kjempe kvar for oss – og snakke negativt og ovundssjukt om naboen. Sogn og Fjordane har ei stor framtid føre seg – men framtida ligg i eit samla Vestland.