Oppdatert: Like etter klokka 15 melder politistasjonsleiar Wenke Hope at mannen er funnen i god behold.

Ifølge Vest politidistrikt på Twitter så kom mannen gåande heimover ved bustaden.

Ein mann i 80-åra var sakna frå heimen sin i 10-tida onsdag morgon.

– Det blei varsla til politiet ein del seinare, og leiteaksjon vart då iverksett med ein gong, fortel politistasjonsleiar Wenke Hope.

– Han går sakte, med lut gange, og treng hjelp. Så det hastar med å finne han og få han heim igjen, for det er snart mørkt. Vi ønskjer at alle som er på tur i området rundt Krokavegen seier frå om dei ser nokon som kan vere vedkommande, oppmodar Hope.

Han kan også vere i Dyreholtvegen/ Fargerdalen-området.

Den sakna er ein mann på 88 år, ca 175, skalla, med eit sår på hovudet/bandasje. Han er kledd i ei mørkeblå jakke, mørk joggebukse, truleg i grå sko, og moglegvis iført ein caps.

Hope ber også folk om å sjekke garasjar, uthus og andre stader som står ulåst.

Røde Kors leita i området Krokavegen/Fagerdalen, og politiet var ute med hundar.