Gå til sidens hovedinnhold

Sagnomsuste Smalsarhorn

Sagnomsuste Smalsarhorn

  • Sjøklippe  som reiser seg 860 meter opp frå havnivå.
  • Den mest kjende segna om Hornelen fortel om kong Olav Trygvasson som klatra opp i fjellveggen og festa skjoldet sitt øvst i fjellveggen. Då ein av hirdmennene freista å klive opp for å hente skjoldet, gjekk han seg fast og kom seg ikkje ned. Då skulle Olav Trygvasson ha klive opp, teke mannen under eine armen og berga han trygt ned.
  • Øvst oppe på Hornelen reiser Juratinden seg. Den har skap som ei jygr (trollkjerring) med ein unge under armen. Segna fortel at dette er jygra som Heilag Olav mante til stein ein gong han kom seglande så hardt framom at han kløyvde frå fjellet ei mektig steinblokk som datt ned og vart liggjande som det vi i dag kjenner som Marøyna.
  • Ein annan segnvariant seier at Marøyna ein gong var landfast med Bremanger, men Heilag Olav baud fjellet å dele seg slik at han kunne segle rett fram. Slik vart Marøyna skild fra som eiga øy.
  • I "heksefjellet" ville overtrua ha det til at heksene samlast til fest både julenatta og jonsoknatta for å danse og halde fest saman med Fanden.

Kommentarer til denne saken