I dag blir han administrerande direktør

Leif Stavøstrand kjem frå Svanøy. Arkivfoto.

Leif Stavøstrand kjem frå Svanøy. Arkivfoto.

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Leif Stavøstrand tar over som administrerande direktør i Saga Fjordbase AS frå 1. April 2016.

Stavøstrand kjem frå stillinga som viseadministrerande direktør. Han tek over jobben etter Geir Johannessen, som no skal konsentrere seg om stillinga som konserndirektør.

Forfremminga kjem i hans 37. år, og rett etter at han har vore med å lande ein stor avtale med Lutelandet.

Leif Stavøstrand toppar ei suksessrik karriere med å sette seg i sjefsstolen i Saga Fjordbase. Han har allereie ei mangslungen karriere innan shipping, oljeindustri, som fiskeoppdrettar, fiskar, sjømann, sjøoffiser, superintendent, sjøkaptein, flåtesjef, baseleiar og inntil i dag, viseadministrerande direktør.

Stavøstrand er født på Svanøy og bur dels på barndomsøya, dels i Florø.

Han er gift og har to born på eitt og fire år.

Artikkeltags