– Dette tar vi svært alvorleg

Saga Fjordbase handterer hundrevis av røyr om dagen. Produksjonsrøyret som landa på leggen til ein mann på måndag vog rundt 1,5 tonn.

Saga Fjordbase handterer hundrevis av røyr om dagen. Produksjonsrøyret som landa på leggen til ein mann på måndag vog rundt 1,5 tonn. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Arbeidsulykka hos Saga Fjordbase skal granskast på tysdag.

DEL

Måndag føremiddag vart ein Florø-mann i trettiåra sendt til sjukehus etter ei arbeidsulykke på Fjordbase i Florø. Han jobba med å stable produksjonsriser for Saga Fjordbase då ein av dei datt ned og landa på leggen hans.

– Vi kunne gjort meir

Produksjonsrisene, som er produksjonsrøyr av ein annan type enn dei Saga Fjordbase vanlegvis handterer, kan vege opp til to tonn. Ein bjelke som låg riktig til kan ha hindra at utfallet ikkje vart meir alvorleg enn eit brot i leggen.

– For oss er dette svært alvorleg, seier viseadministrerande direktør for Saga Fjordbase, Leif A. Stavøstrand.

Måndag kveld hadde Saga Fjordbase klar ei granskingsgruppe som skal granske hendinga på tysdag. Då skal også Arbeidstilsynet sjå på årsaksforhalda. Politiet gjorde sine undersøkingar på måndag.

– Vi kunne gjort meir for å hindre at dette skjedde, elles hadde det ikkje skjedd, seier Stavøstrand.

Stabling av produksjonsrøyr er noko Saga Fjordbase gjer relativt sjeldan, og desse har ein spesiell måte å bli stabla på i motsetnad til vanlege casingrøyr.

– Frykteleg ekkelt

Røyret som landa på leggen til mannen var rundt 1500 kilo tungt og om lag 12 meter langt. Fallhøgda var på rundt 40 centimeter. Røyret kom ut av kontroll då ein skulle begynne å stable høgd nummer to med røyr.

– Det var frykteleg ekkelt for dei som var der, men aller verst var det sjølvsagt for han det skjedde med, seier Stavøstrand. Han var ikkje sjølv vitne til hendinga, men kom til staden nokre minutt seinare.

– Det positive med ei sånn hending er at den set lys på noko som vi har oversett som vi kan ta tak i. Den interne granskingsgruppa er sett ned i kveld og begynner å jobbe i morgon. På generelt grunnlag kan eg seie at vi alltid har mange barrierer på plass, ikkje berre ei, så her er det fleire som har blitt brote for at ulykka skulle skje, seier han.

–  Vi har gode statistikkar generelt sett på basen og er stolte av det, så det er klart at dette er svært alvorleg for oss. No vil vi ha full fokus for oss å komme til bunns i årsaksforhalda, seier Stavøstrand.

Mannen i 30-åra blir operert måndag kveld.

Fjord Base Rørbåt / sup

Fjord Base Rørbåt / sup Foto:

Artikkeltags