Sluttar som administrerande direktør

Leif Stavøstrand, adm. dir i Saga Fjordbase

Leif Stavøstrand, adm. dir i Saga Fjordbase Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Leif A. Stavøstrand har sagt opp stillinga som adminnistrerande direktør i Saga Fjordbase.

DEL

Leif A. Stavøstrand har sagt opp stillinga som administrerende direktør i Saga Fjordbase AS, og har sin siste arbeidsdag 31. mars 2017.

- Eg er stolt over det som vi i Saga Fjordbase har fått til saman, og er svært takknemleg for dei moglegheitene eg har fått og tilliten som Saga Fjordbase og INC har gitt meg gjennom snart seks år, seier Stavøstrand i ei pressemelding.

- Det kjem store prosjekt og positive utfordringar i åra framover, som bedrifta er veldig godt rusta til å takle, seier han.

Prosessen med å tilsette ny administrerande direktør vil starte snarleg. Geir Johannessen vil leie Saga Fjordbase AS frå 31. mars 2018 fram til ny sjef er på plass.

Satse på faren si bedrift

Avgjerdsla er teken saman med familien, og skjer fordi han skal ta over selskapet i Coast Innovation AS. Selskapet er starta og drive av Leif sin far, Gunnar Stavøstrand (67).

Overtakinga vil skje gradvis og Leif vil etter kvart ta over som dagleg leiar. Coast Innovation leverer i dag konsulenttenester til maritime næringar som til dømes oppdrett, og produserer mellom anna flytande bilbruer i samarbeid med WIS.

Utvikle elbåtar

I tillegg til å drive Coast Innovation vil Leif også starte ei bedrift som har som mål å levere elektriske framdriftssystem til båtar i fritids- og proffmarknaden.

Eldrifta skal baserast på batteri og/eller hydrogen, og skal kunne leverast som større utan- og innanbordsmotorar.

På sikt er planen at bedrifta også skal levere reine elbåtar med katamaranskrog.

Saga Fjordbase

Saga Fjordbase AS er driftsselskapet på Fjord Base i Florø som er Norges største forsyningsbase for olje og gass. Saga Fjordbase AS leverer et mangfold av tjenester innen logistikk og har de fleste av 50 bedriftene på basen som kunder, i tillegg til eksterne. Fjord Base har Statoils sentrallager for rør i Europa, samt forsyningstjenester for blant andre Statoil, Shell og Engie. Basen sysselsetter ca. 570 personer og hadde 350.000 tonn gods over kai i 2016.

Artikkeltags