Saga Fjordbase misser rørhandteringa

Fjordbase i Florø

Fjordbase i Florø

Artikkelen er over 4 år gammel

Statoil har i dag tildelt kontrakter til sju baser langs kysten. Saga Fjordbase i Florø misser delar av aktiviteten sin til NorSea Group, mellom anna røyrhandtering og lagertenester.

DEL

Statoil-kontraktene som vart tildelt onsdag gjeld terminaltenester, lagertenester og lagring og handtering av røyr på sju ulike oljebasar langs kysten.

Saga Fjordbase har fått tildelt terminaltenestene i Florø, det vil seie terminaloppgåver som dei allereie utfører i dag, til dømes frakt av gods internt på basen og lasting/lossing. Samstundes misser dei kontakta som gjeld røyrhandtering og lagertenester.

NorSea Group AS har fått kontrakt på lagring og handtering av rør, terminaltenester og lagertenester ved Dusavik-base i Rogaland, Kristiansund i Møre og Romsdal og Hammerfest i Finnmark, samt terminaltenester og lagertenester på Mongstad og Ågotnes i Hordaland.

– I tillegg tar Statoil fleire grep for å effektivisere logistikk-kjeden mellom basane langs kysten og våre offshoreinstallasjonar. Vi kjem til å ta ut betydelege stordriftsfordelar og synergiar ved å innføre nytt seglingsmønster til installasjonane som skal forsynes offshore, og større grad av spesialisering ved dei ulike basane i den kommande kontraktsperioden, seier Astrid Sørensen, direktør for Fellesoperasjoner i Statoil.

Statoil-kontraktene har ein verdi på mellom fire og fem milliardar kroner.

Nytt selskap i Florø

For Florø har NorSea Group AS fått kontrakt på lagring og handtering av røyr, i tillegg til lagertenester. I dette ligg mellom anna subsea og logistikk. Dette er tenester som Saga Fjordbase utfører i dag.

NorSea Group er ikkje etablert på Fjord Base i dag, men selskapet er representert på ni andre baser i Norge. Dette vil seie at selskapet no skal etablere seg i Florø, for å ta over oppgåvene til INC-eigde Saga Fjordbase.

NorSea Group seier i ei pressemelding at Florø-kontrakten skal utførast av Vestbase AS i Kristiansund. Vestbase AS er datterselskapet til NorSea Group.

- På lokalitetar der NorSea Group ikkje er etablert vil vi gå i dialog med lokale selskap for å finne løysingar som er gode for alle partar, seier Norsea Group CEO John E. Stangeland.

Halvparten av aktiviteten

Saga Fjordbase har om lag 130 tilsette, og den totale Statoil-aktiviteten utgjer truleg i overkant av halvparten av aktiviteten til selskapet. Saga Fjordbase har også faste kontrakter med BG og med GDF Suez, i tillegg til ulike kontrakter på leiteboring og anna.

Dei tilsette i Florø vart informert om kontraktene på eit allmøte onsdag føremiddag, etter at Statoil hadde sendt ut pressemelding om kontraktstildelingane.

Seks år

Kontraktene har ein lengde på seks år, og vil ha oppstart frå 1. juli 2015. Kontraktene har også opsjonar på forlenging på to pluss to år, slik at dei har ein lengde på opptil ti år om alle opsjonar blir nytta.

 – I andre halvdel av 2014 blei det gjennomført ein grundig tilbodsrunde der både pris, kvalitet og teknisk kompetanse er nøye vurdert. Vi har hatt ein tilbodsrunde der aktørane har hatt mulegheit til å tilby sine tenester. Statoil og industrien er i ein situasjon der vi må redusere kostnadene og effektivisere drifta. Dei nye basekontraktene er viktige bidrag, seier Jon Arnt Jacobsen, direktør for anskaffelser i Statoil.