Klokka 13 meldte Vest politidistrikt på Twitter at politi og brannvesen har rykka ut for å redde ein eldre seglbåt som skal ha slite seg frå fortøyingane.

Brannvesenet skal vere på staden, og to slepebåtar er på veg.

Det er ikkje meldt om skadde personar, skriv politiet på Twitter.

Hendinga skal ha skjedd i Fjordgata i Florø.

Etter det Firdaposten kjenner til skal det vere galeasen Loyal som har slite seg.

Oppdatering klokka 13.25: Det er kontroll på seilbåten, den er trygt fortøyd igjen.

Elles er det så langt lite hendingar som følge av uvêret.