Krev rassikring på rv 5

Arkivfoto.

Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Samarbeidsforum i Sunnfjord (SiS) har på dagens møte i Førde vedteke at strekninga rv. 5 mellom Førde og Florø vert rassikra, heiter det i ei pressemelding.

Særleg må strekninga Førde-Naustdal og punkt ved Leversundet sikrast. SiS meiner at dagens løyvingar til rassikring er for små og må styrkast, men er likevel oppteken av at tiltaka til rassikring som i dag ligg i NTP, må følgjast slik at ein ikkje endrar rekkjefølgja på dei prosjekt som er prioriterte.

SiS meiner det er heilt avgjerande at rv. 5 mellom Førde og Florø, og særleg strekninga Førde-Naustdal samt punkt ved Leversundet, må inn i komande prioritering i NTP. Ein vil be Statens vegvesen straks sette i gang med å kartlegge rasstaden Leversundet på riksveg 5.

Alle utgreiingar som manglar må elles på plass slik at prosjektet vert vurdert i komande NTP. Sis vil straks invitere Statens vegvesen til eit møte for å drøfte framdrift.

Frå SiS er det rådmennene i Flora og Naustdal som vil følgje opp den vidare prosessen.

Artikkeltags