Tatt i 98 km/t i Eikefjord

DEL

Politiet var ute med fartsmålaren i Flora søndag kveld og gjennomførte ein fartskontroll i 80-sona på Rv5. Det melder Vest politidistrikt på Twitter. Det skjedde ved Knapstad i Eikefjord, der det er god og oversiktleg tofeltsveg. Det vart delt ut to forenkla førelegg, eit for køyring i 98/kilometer i timen. 

Styresmaktene sette opp nivået på bøter i fjor og i følge tabellen i forskrift for forenkla førelegg vil 18 kilometer per time over 80-grensa utløyse 4600 kroner i gebyr. Køyrer du 25 kilometer i timen fortare enn fartsgrense ryk sertifikatet.

Artikkeltags