Naustdal tek grep i Rv5-saka

Berre i vinter har det gått fleire store ras og steinsprang på Rv5 langs Naustdalsstranda. Her frå ei hending i februar.

Berre i vinter har det gått fleire store ras og steinsprang på Rv5 langs Naustdalsstranda. Her frå ei hending i februar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Riksveg 5 mellom Florø og Naustdal/Førde har opplevd mange ras og vegstengingar dei siste åra. No tek naustedølene grep og skipar til innspelsmøte om problemstrekninga førstkomande torsdag 14. april.

Treng gode innspel

- Vi ønskjer å setje søkelys på trygg Riksveg 5, og særleg for Naustdalsstranda. Vi håpar møtet kan få fram gode tiltakt for sikring av vegstrekninga. På kort sikt må vegen tryggast og planlegging av rasfri trasé startast så snøgt som råd . Vi meiner det viktig å få kartlagt mogelege tiltak for alternativ trasé dersom vegen må stenge nokre timar eller dagar, seier naustdalsrådmann Øyvind Bang-Olsen.

Til møtet er dei aktuelle kommunane i området invitert, det same er pendlarar, Statens vegvesen, fylkeskommunen, naudetatar og vegeigar for Hesjedalen/Åsedalen.

NTP-frist 9. mai

Ifølgje Bang-Olsen er målet å samle inn mest mogleg fakta, gode innspel og merknader, slik at desse kan inngå i innspela til Nasjonal Transportplan. Her er fristen for å kome med innspel til fylkeskommunen sett til 9. mai.

Møtet skjer torsdag 14. april i kommunestyresalen i Naustdal, der ordførar Håkon Myrvang innleier. Det blir også innspel frå senioringeniør Kjell Kvåle frå Statens vegvesen.

Artikkeltags