Tre bilar og åtte personar involvert i trafikkuhell

Foto: Ivar Myklebust Longvastøl
Like før klokka halv sju laurdag kveld fekk politiet melding om eit trafikkuhell på riksveg 5 i Naustdal. Naudetatane rykka ut til uhellet, som skal ha skjedd kring 500 meter frå Best-stasjonen i Naustdal mot Florø. Dette melder Firda.
To undersøkt av helse
Politiet melder at tre bilar og åtte personar var involvert i uhellet. Dei første meldingane gjekk ut på at det berre var snakk om materielle skader.
Klokka 19 opplyser politiet at det ikkje skal vere snakk om alvorleg skadde i uhellet.
– To personar blir sjekka av helsepersonell. For desse er det truleg snakk om lettare eller ikkje betydelege fysiske skader. Dei andre seks seier seg uskadde, seier operasjonsleiar i politiet, Ole Tom Nord.
Ifølge Einar Vereide i politiet skal uhellet ha skjedd i samband med at ein bil køyrde ut på riksvegen ved busshaldeplassen i Naustdal sentrum. Politiet veit førebels ikkje noko meir om detaljane kring hendingsgangen.
– Det vert gjort undersøkingar på staden, seier Nord.
Manuell dirigering
Nett no er det manuell dirigering på staden.
– Det er rekvirert bilberging, men inntil vidare er det manuell dirigering forbi staden der uhellet skjedde, seier Nord.