Gå til sidens hovedinnhold

Rutetidene til Hurtigruten blir enklare

Frå nyttår får Hurtigruten same innkomst- og avgangstider på alle hamner mellom Bergen og Kirkenes heile året.

Det nye ruteplanen er godkjend av Samferdselsdepartementet, opplyser Hurtigruten i ei pressemelding.

– I tillegg til auka føreseielegheit fører justeringane til endå lågare utslepp, meir tid på landstraum og lågare sannsyn for forseinkingar, skriv selskapet.

Koronapandemien har medført at Hurtigruten har redusert rutetrafikken, men frå januar blir den trappa opp igjen.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken