Rusten, refsande herre tek med seg gitaren til Vesle Kinn

PAUSPOETEN: Ole Paus står på scena på Vesle Kinn i mai

PAUSPOETEN: Ole Paus står på scena på Vesle Kinn i mai Foto:

FLORØ: Eit av dei verkeleg store namna i norsk visetradisjon, sjølvaste Ole Paus, legg turen innom Vesle Kinn i mai.

DEL

Han kom ut av det norske visemiljøet med debutplata «Der ute – der inne» i 1970. Han følgde opp med klassikaren «Garman» to år seinare. Sidan har han halde det gåande, men der hans samtidige visekunstnarar danna Gitarkameratene og erobra det breie lag av folket, har Ole Paus gått sine egne vegar. No sist ved å lage plate saman med dei trønderske progrockarane i Motorpsycho.

Refsaren Paus

Ole Paus har alltid hatt ei stemme som splittar folket. Verken vakker eller klokkeklar, men alltid inderleg, direkte frå hjartet. Anten likar du den, elles så kan du ikkje fordra den.

Slik er det kanskje med artisten også. Han har vore samfunnsrefsar både på plate og på revyscena. Folk har blitt tatt hardt, han har nok vore på grensa til injurierande fleire gonger, og han har ofte vore ute og refsa Framstegspartiet. Alle har ikkje alltid sett like stor pris på det.

Klassikarar

Likevel har han klart å bli folkekjær. Ei lang rekkje av songane hans høyrer heime i ei norsk songbok. «Innerst i sjelen» og «Mitt lille land». «I en sofa fra IKEA». «Alt var mye bedre under krigen». «Engler i sneen». «Nå kommer jeg og tar deg». «Mærsjen og Pårsjen». Og kanskje den finaste av dei alle, «Veierland».

Ei karriere på femti år let seg ikkje summere opp i ei lita førehandsomtale. Paus har vore allsidig og produktiv, på plate, på scene, i bokform, på TV. Kva han tek med seg til Florø og Vesle Kinn utover gitaren veit vi ikkje, men at det blir ein kveld å hugse er vi ganske sikre på.

Fredag 15. mai skjer det.





Artikkeltags