Trump og Sanders hoppar inn i kommunedebatten

Artikkelen er over 3 år gammel

Årets russerevy sprenger landegrensene.

DEL

Make Florarussen great again er namnet på årets russerevy. Det er ikkje tvil om at vi skal over dammen. Men kven skulle trudd at den amerikanske presidenten Donald Trump - for ikkje å snakke om den amerikanske ikkje-presidenten Bernie Sanders - har sterke meiningar om Kinn kommune?

Sjå bildeserie frå årets russerevy.

Florarevyens Trump er tausare enn originalen, men så er det ikkje så lett å snakke med stram trutmunn.

Bernie Sanders er derimot "all over the place". Han strekar under kvart poeng med insisterande armslag og endar med å fly i ansiktet på vår eigne Frank Willy Djuvik. Ikkje mykje politisk realisme der altså, men gøy er det!

- Trass 10-prosentregelen og trusselen fra Trump har vi stått løpet ut. No skal det feirast!, seier revysjefane Mari Bae Hordvik og Eirik Albreksten etter to vellukka framsyningar fredag kveld.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken