99 % rein moro

Russerevyen: 2018-russen og revysjefane Eivor Ottesen og Edwina Rossi serverte ein underhaldande og morosam revy. Foto: Linda Regina Bruvik

Russerevyen: 2018-russen og revysjefane Eivor Ottesen og Edwina Rossi serverte ein underhaldande og morosam revy. Foto: Linda Regina Bruvik

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Årets russerevy hadde alt. Kvalitet, aktualitet, humor, song og dans, girl-power, både interne og universelle poeng, og lassevis med sjarm og energi.

DEL

Revyen med tittelen «99 problems – but we ain't one» hadde to framsyningar fredag kveld.

– 99-arane vert ofte framstilt som problemkullet. I tidlegare revyar får vi gjennomgå, i media og elles i samfunnet, så no er det vår tur å vise kven vi er, sa Eivor Ottesen til Firdaposten ei veke før premieren. Saman med Edwina Rossi var ho ansvarleg for revyen. Dei fortalde då at revynamnet er teke frå hiphop-ikon Jay Z sin store hit frå 2003, «99 problems», og dei lova at revyen hadde mykje på by på.

– Utan å røpe for mykje, vert det både politikk om Norge i dag, lærarar og tema som opptar ungdom. Og ikkje minst, korleis vi blir sett av andre, sa Rossi då.

Svært bra

Og resultatet vart rett og slett svært bra. Det var heilt tydeleg lagt ned mykje arbeid både i manus, regi, koreografi, musikk og framføring. Det var stor variasjon i revynummera og mange gode prestasjonar, og det var tydeleg at dei som stod på scena hadde det kjekt. Dei utstrålte glede og energi, trass i at publikum (premieren kl. 18) ikkje akkurat var så veldig sprekt og livleg. Dei hadde fortjent meir feedback og applaus undervegs.

Mange høgdepunkt

Det var mange ulike høgdepunkt å trekke fram denne kvelden. Både jentene og gutane sine store gruppedansenummer var flotte og underhaldande. Det var fleire kule songnummer med jentene – veldig bra! Revynummeret med Flora vidaregåande sin eigen versjon av Skal vi danse var av beste russerveymerke. Her fekk lærarane gjennomgå, både som dommarar og dansedeltakarar. Florø sin eigen versjon av Paradise Hotell dukka også opp, med deltakarar som Steinar Svardal og fleire Obos-spelarar frå Florø Fotball.

Kinn kommune og «Nei til Kinn» var også sjølvsagt med, med stabeistet Bremanger som berre sa nei og nekta å gifte seg med Vågsøy og Flora.

Revyen var ei flott oppleving – veldig bra levert av 99-arane!

Artikkeltags