Florø-russen hadde planlagt revynamn i to år - fann ut at Førde-russen hadde tenkt likt

REVYSJEF: Frida Fossedal er revysjef for Hafstad-russen i Førde.

REVYSJEF: Frida Fossedal er revysjef for Hafstad-russen i Førde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

RUSS: Russen i Førde og Florø kom opp med same revynamn uavhengig av kvarandre. Hint: dei er fødde i '99.

DEL

Begge har kalla revyane sine «99 problems». Namnet spelar på at dei er fødde i 1999 og rappehiten «99 Problems» av artisten Jay-Z.

– Det kom som eit ironisk forslag frå fleire på kullet vårt. Vi fann ut at det var litt artig å spele på referansen. Vi tar det også opp mot 10 prosent-fråværsregelen som kom då vi begynte på Hafstad, seier revysjef Frida Fossedal på Hafstad vidaregåande skule til Firda.

Denne veka fann ho ut at Florø-russen hadde tenkt det same.

– Godt teikn

– Det er jo morosamt, men det viser også at vi har gjort eit godt val. Det skal litt til at ein vel likt. At fleire har valt det er eit godt teikn for at temaet blir tatt godt imot, seier ho.

Hafstad-revyen har premiere i Førdehuset 14. og 15. mars. Fossedal seier dei allereie er begynt å øve.

– Vi gler oss. Vi har prøvd å få med mykje musikk, både songar frå 90-talet og nyare. Vi gler oss til å vise fram alle talenta på skulen, både innan musikk og humor, seier ho.

Planla namnet sidan 1. vgs.

Florø-russen har planlagt revynamnet «99 problems» sidan dei gjekk i første klasse, seier revysjefane Eivor Ottesen og Edwina Rossi.

REVYSJEFAR: Edwina Rossi og Eivor Ottesen er revysjefar på Flora vidaregåande skule.

REVYSJEFAR: Edwina Rossi og Eivor Ottesen er revysjefar på Flora vidaregåande skule. Foto:

– 99'arane har blitt framstilt som eit problematisk kull, både i serien SKAM og elles i samfunnet. I revyen vil vi vise at det ikkje er vi som er problemet, med verda rundt oss, seier dei.

I helga fann revysjefane i Florø ut at nabobyen stilte med same revynamn. Dei såg at Førde-russen var først til å få ut arrangementet sitt på Facebook.

– Vi fekk litt panikk. Betydde dette at vi måtte bytte namn? Vi fann ut at det er fleire revyar i Norge som heiter det. I tillegg har vi basert såpass mykje av revyen på namnet, at blir det feil å bytte. Revyen i Florø og Førde har same namn, men ulike konsept, seier dei.

Florø-russen har premiere på Flora samfunnshus 23. mars. Dei er godt i gong med sketsjane, og begynner å øve etter vinterferien.

«99 problems – and Erna is One»

Eit kjapt Google-søk viser at fleire har gått for same revynamn rundt om i landet, mellom anna:

Ringeriksrussen med «99 problems»,

Oddarussen i Hardanger med «99 problems (but revy ain't one)» (hadde premiere i november 2017)

Nord-Østerdal videregåande skole i Tynset hadde «99 problems – and Erna is One» (hadde premiere i desember 2017).

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken