I ei pressemelding har Vest politidistrikt sendt ut ei liste over råd dei vil gje til årets russ og deira foreldre.

Dei fortel at dei i fleire år har hatt eit godt samarbeid med russen, men at dei ønsker å vere i forkant og gjere det dei kan for å førebygge uheldige eller straffbare hendingar, melder Firda.

– Årets russ verker som reflektert og fin ungdom. Samstundes ønsker politiet å komme med nokre råd før årets feiring. Vi vil at alle skal få ei trygg og god russetid, seier Arne Lutro, leiar for stab for kommunikasjon hos Vest politidistrikt.

Råd til russen:

  • Ta eit tydeleg standpunkt mot narkotika før russetida. Ta kontakt med politiet dersom du treng råd eller hjelp. Dei aller fleste skulane og russebussane har ein eigen politikontakt.
  • Ikkje bli overstadig rusa. Det set deg i ein sårbar posisjon kor du kan bli utnytta seksuelt eller på anna måte. For å unngå det, ikkje bruk narkotika og ikkje drikk sprit.
  • Pass på kva du deler på sosiale medium. Deling av andre personar krev samtykke. Det kan vere straffbart å dele krenkande bilde.
  • Ikkje ta med 1. og 2.-klassingar på russebussane. I Bergen har politiet og russen ein eigen avtale om at berre ungdommar over 18 år skal rulle.
  • Russebilar/bussar: Følg trafikkreglane. Hugs at sjåførane har eit sjølvstendig ansvar for tryggleiken. Politiet kontrollerer bilar og bussar ved uro eller klagar.

Dalerussen droppar fleire knutar på sex og alkohol

Råd til foreldre:

  • Sjølv om barnet ditt er myndig, er det framleis viktig at du er der for dei.
  • Ver tilgjengeleg på telefon heile døgnet.
  • Ver klar til å hente ungdommen dersom dei ber om det. Engasjer deg i det russen din gjer.
  • Be om hjelp frå til politiet dersom du er uroa.
  • Ver tydeleg på kor grensene går.
  • Foreldre til 1. og 2.-klassingar; ver merksam på at dei kan ønske å vere med russen for å rulle. Sett tydelege grenser.

Til slutt har dei og sett opp ei liste over ting politiet særskilt vil følge med på i løpet av russetida:

  • Sal av narkotika til russen.
  • Såkalla «rulling» der mindreårige jenter er med på fest i russebussane.
  • Ordensforstyrringar og valdsbruk knytt til feiring.
  • Rekruttering av ungdom som introduserast og prøver narkotika for første gong.
  • Trafikkulykker.
  • Seksuelle overgrep og valdtekter.

Sidan 2013 har fleire russ søkt hjelp hos Smiso