Gå til sidens hovedinnhold

Rusa mann prøvde å ta seg inn i båt

Det var ei relativt roleg natt til laurdag i Florø.

Klokka 01.46 meldte Vest politidistrikt på Twitter at dei hadde fått tips om båt som hadde køyrt inn i meldars båt i Florø hamn. Ifølge meldar hadde personane om bord ikkje redningsvestar, og meldar meinte dei måtte vere rusa. Politiet tok blei med i Redningsskøyta for å leite etter båten.

Etter litt leiting avslutta politiet, utan å ha funne båten.

Klokka 04.24 blei det meldt om ein rusa mann som prøvde å ta seg inn i ein båt i Florø. Politiet fekk raskt kontroll på personen, og det blei ikkje funne skade på båten. Ein mann i 20-åra blei vist vekk frå Florø sentrum.

Kommentarer til denne saken