Rusa mann køyrde inn i parkerte bilar og to turfølge kom trygt ned frå fjellet

DEL

Politiet melde fredag kveld om eit turfølge på seks personar som var usikre på vegen då dei var på tur på Skålefjellet. Klokka halv tre natt til laurdag melde dei at frivillige hadde fått heile gjengen ned til bilane sine. Dei hadde heile tida kontakt med politiet, og ingen var skadde.

Frå Førde kom det like før midnatt melding om ein bil som hadde køyrt inn i fleire parkerte bilar. Føraren, ein mann i 60-åra, var berusa og hadde heller ikkje førarkort. Ingen blei skadde i hendinga, men mannen blir anmeld.

Frå Måløy kom det klokka 21.07 melding om ein berusa mann i 40-åra som skal ha slått til ein annan person. Øvrige på staden fekk kontroll på vedkommande, til politi kom og tok over. Personen som blei slått til blei teken med til lege på Nordfjordeid. Vedkommande opplyste å ha smerter i rygg og ein arm. Det er ikkje klart kva som var grunnen til hendinga, men mannen som skal ha slått er også mistenkt for promillekøyring.

I Sogn blei det i halv to-tida fredagsnatta sett i gang ein redningsaksjon for å hente ned fire personar som hadde gått seg skårfaste i Skagastølstindane. Også her blei alle fire henta trygt ned, med redningshelikopter.

Artikkeltags