FIRDA: Like før klokka halv elleve måndag kveld vart politiet i Florø kalla ut til Hjørnevikbua pub i Strandgata.

Tilsette ved puben melde ifrå om at ein person hadde kasta stein på ei rute, slik at den knuste. Patruljen, som var i nærleiken, rykte ut og fann den mistenkte mannen, forklarar operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt operasjonssentral.

– Det er ein mann politiet veit kven er, seier Kolltveit.

Politiet gjorde undersøkingar på staden og tok avhøyr av den mistenkte mannen.