Gå til sidens hovedinnhold

Rugsundbrua stengd i periodar

Vegtrafikksentralen melder laurdag at Rugsundbrua på fylkesveg 616 i Bremanger vert steng i periodar, og at ein må førbebu seg på ventetid. Dei sterke vindkasta i området gjer det ikkje forsvarleg å ferdast trygt på brua.

Hovedredningssentralen minnar om at det er sendt ut kuling og stormvarsel frå området Måløy og nordover. Dei oppmodar alle som planlegg turar på sjøen eller i fjellet at ein held seg oppdatert på siste vermelding, og at ein følgjer sjø og fjellvettreglane for tryggast mogleg ferdsel.

Kommentarer til denne saken