OPPDATERING: Klokka 13.30 melder Vegtrafikksentralen at Rugsundbrua framleis er stengt. Oldeide-Måløysambandet er også innstilt. Fjord1 vil ta ein ny vurdering kring klokka 14.30.

Klokka 10.30 melder politiet at Rugsundbrua har vore stengd sidan klokka 06.00 på grunn av sterk vind. Vegtrafikksentralen melder at det er vindkast opp i orkan med styrke på 37 m/s på brua, og middelvinden er sterk storm med styrke 29 m/s.

Men politiet melder samstundes at dei får meldingar om at ein del bilistar ikkje respekterer stenginga og køyrer likevel.

– Det er viktig at folk respekterer at brua er stengt, og når den er stengt er det ulovleg å krysse den, seier tenesteleiar Espen Gulliksen ved Bremanger lensmannskontor til Firdaposten.

Gulliksen, som også representerer Senterpartiet i kommunestyret, ordførar Anne Kristin Førde (Ap) og Bremanger Næringsråd har tidlegare sendt eit brev til Statens vegvesen der dei ber om tiltak slik at brua ikkje blir stengt så hyppig som den blir i dag. Om vindmålaren på brua merkar at vindkasta overstig 27 m/s, så stenger den automatisk. Og brua blir stengt i ti minutt før den opnar att, sjølv om det er heilt stille resten av dei ti minutta den er stengt.

– Det at folk køyrer over no, sjølv om det bles orkan i kasta, kan det vere ein konsekvens av at folk har sett seg leie av at Rugsundbrua har låg terskel for å stengast og ikkje bryr seg lenger?

– Det er heilt klart ein grunn til at skilta og lysa står der, det er det ingen tvil om, men samstundes verkar det mot sin hensikt at den nokon gonger stenger ved alt for låg vindstyrke og held stengt i ti minutt. Som Magne Kjerpeset sa; «Når ein måse sit ved sida av vindmålaren og kosar seg medan det lyser raudt, då er det noko som er alvorleg gale». Difor er det viktig at vegvesenet no gjer grep; anten ved å setje opp eit vern for vinden, eller ved å justere grenseverdien for når brua stenger, strekar Gulliksen under.

Ifølge Fjordenes Tidende skal to sjåfører ha blitt bøtlagde for å krysse brua når den er stengt. Dei må ut med 6800 kroner kvar.