Har oppheva kokepåbod

Kokepåbodet i Rugsund er no oppheva.

Kokepåbodet i Rugsund er no oppheva.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Husstandar som får drikkevatnet sitt frå vassverket i Rugsund, kan no skru av komfyren - i alle fall når det gjeld koking av drikkevatn.

Onsdag melde Bremanger kommune at det ikkje lenger er naudsynt å koke vatnet frå vassverket.

Kokepåbodet blei innført i midten av oktober i fjor, på grunn av funn av koliforme bakteriar, eit problem som det lokale vassverket også har hatt tidlegare år.

Artikkeltags