- Å berge liv er ein del av lønna

7. juni 2016 er Redningsselskapet 125 år. Dette vart feira over heile landet. Mannskapet på redningsskøyta  Halfdan Grieg stasjonert i Florø og Måløy markerte dette med open båt kake og kaffi. Ombord var skipper Geir Antonsen, maskinsjef Kristian Nesse og styrmann Angelina Öhman.

7. juni 2016 er Redningsselskapet 125 år. Dette vart feira over heile landet. Mannskapet på redningsskøyta Halfdan Grieg stasjonert i Florø og Måløy markerte dette med open båt kake og kaffi. Ombord var skipper Geir Antonsen, maskinsjef Kristian Nesse og styrmann Angelina Öhman.

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Redningsselskapet 125 år i dag 7. juni I dag 7. juni feirar Redningsselskapet 125 år. Dette blir feira over heile landet. Vi var om bord i ei flaggpynta redningsskøyte som låg til kai i Florø for å slå av ein prat med jubilantane. Det er redningsskøyta «RS Halfdan Grieg" som er vår redningsskøyte her i distriktet, og no skulle ho og selskapet ho er ein del av feirast.

Open båt

– Vi markerer dette med open båt frå 12.00 til klokka 15.00 der vi serverer kake og kaffi, fortel maskinsjef Kristian Nesse. Han er ein av eit mannskap på tre om bord. Styrmann Angelina Öhman og skipssjef Geir Antonsen er dei andre. Dei jobbar og bur i lag halve året i ein turnus der dei er ein månad på og ein månad av. På fri er dei heime. For skipssjefen betyr det Finnsnes, for maskinsjefen er det Karmøy og for styrmann er det ein by ved Helsinki i Finland. Når dei er på jobb er det desse tre som passar på havområda mellom Sognesjøen i sør til Stad i nord.

Stolte

Og det er ein jobb dei er stolte av, og det er ein jobb der dei møter mykje takksemd. For det desse gjer er å hjelpe dei som treng det på havet. I yttarste konsekvens handlar det om å redde liv.

– Eg brukar å seie at det å redde liv er ein del av lønna. Du toler ein del karamellar på slike opplevingar, vedgår skipperen.

Maskinist Nesse fortel dei stort sett er i kontakt med takknemmelege folk.

- Det er flott å kunne vere til hjelp. Det vere alt frå mindre episodar av privatpersonar i fritidsflåten til dei i fraktefart og fiskeflåten. for folk set jo pris på å få hjelp, seier han. For andre handlar jobben dei gjer om liv og død.

Vel 1800 oppdrag har "RS Halfdan Grieg" hatt sidan den var ny for vel 10 år sidan. Det betyr i snitt 180 oppdrag i året av ulike omfang. Nokre gonger er dei helt uunnverlege. Som i vinter då dei vart kreditert å ha berga åtte menneskeliv.

Då var det 70 meter lange "Loyalty Express" skip som mista motorkraft og var i ferd med å renne på land vest av Bremanger. Men vart berga av redningsselskapet.

  • Videoen av berginga kan du sjå her:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken