Sveinung Rotevatn vann kampvoteringa om førsteplassen i Hordaland Venstre mot Terje Breivik.

Rotevatn vann avstemminga med 41 mot 38 stemmer. Han er nestleiar i Venstre og klima- og miljøminister.

Kampvoteringa starta klokka 12 etter ein kort debatt på det digitale nominasjonsmøtet laurdag.

Nominasjonskomiteen i Hordaland Venstre har vore splitta i saka. Fire ville ha Rotevatn på topp, medan tre ville ha partiveteranen Terje Breivik, som er parlamentarisk leiar for Venstre i Stortinget.

Breivik gratulerer motkandidat Rotevatn etter tapet.

– Eg ønskjer han lykke til. Eg trur det blir veldig bra, seier Breivik til NRK etter at resultatet vart klart.

Breivik har hatt topplassen for Hordaland fram til no og har sagt at eit tap på nominasjonsmøtet betyr at han er ute av rikspolitikken.

(©NPK)